OSA-BU pensjonat & hytter

Brosjyre




OSA-BU er ei familiebedrift tufta på den tradisjonelle pensjonat-modellen. Som buplass for familien vår går det til dagleg under namnet "Jensaplasset", - etter husmannsplassen som låg her på garden Fisketjøn.

PENSJONATET representerer enkel og god overnatting med matservering etter ynskje (Bed & Breakfast).

HYTTENE er av høg standar med to soverom, dusj/toalett, kjøkkenkro med komfyr og kjøleskap, og stove med farge-TV. Bruttoareal 36 m² pluss romsleg terasse.

Alle bygningane er av nyare dato. Utearealet er romsle og opplyst, og inneheld grillhus, leikeplass og grøntareal. Me Lånar ut båt i Suldalsvatnet, og syklar i trygge omgivnadar.

I Suldalsvatnet mellom Osvad og Vikestraumen, har me fiske å tilby til rimelege takstar. Dette gjeld også laks i sesongen Ofte har me dyr som kan kjælast med og matast. Det er gangavstand til turområde med vakker natur og - til varierte handle- og servicetilbod. Transport og guideturar tilbyr me med eigen minibuss.



EIT HYGGELEG BUMILJØ
- LIKE VED RV. 13 -
MIDT I SULDAL KOMMUNE


SULDALSOSEN (OSEN) vaks fram som ein sentral stad etter at riksvegen Sand-Osen vart ferdig i 1875, og dampbåten på Suldalsvatnet kom i drift i 1885.

Etter kvart vart det trong for både bryggje og pakkhus, -bakar, handel og hotell.

Heile tre hotell var i drift på det meste.

Men utover i 1930-åra vart bil- og båtrutene lagde om slik slik at reisande ikkje på same vis trong overnatting på Osen.

Hotelldrifta avtok, men Osen utvikla seg vidare til eit bygde- og kommunesenter for gamle Suldal kommune.

Pensjonata overtok nå trongen for overnatting. Det siste pensjonatet frå den tida var i drift fram til kring 1980.

OSA-BU etablerte seg i 1988, - etter ei tid utan overnattingstilbod på Osen.


Kart over Osen SULDALSOSEN er i dag eit levande bygdesenter omkransa av Suldalsvatnet, Lågen og eit allsidig og veldreve jordbruk. Bustadmønsteret er variert, med servicetilbod som butikkar, bank, post og bensinstasjon.

Sentralt i Suldal kommune og Suldalsdalføret, er det elles eit knutepunkt for Vinjar skulekrins. Inntil Skulen ligg kyrkje, bedehus, samfunnshus med ny idrettssal og idrettsbane. Ei eineståande samling av samfunnsbygg som gjev høve til fleirbruk og større samkomer av ymse slag (stemne, årsmøte, utstillingar o.l.).

OSEN er også sentral for tilkomst til kjende serverdigheter, -tur- og friluftsområde, - jakt- og fiskestader.

Til alle årstider, - i dalen eller i heio, med rike tradisjonar i utnytting av naturresursane.

Eit steinkast frå oss, renn ein kvernbekk. Her står nyrestaurert kvern og turke for korn. I heldige stunder kan du treffa "møllaren" her i sine rette omgivnadar.

Ikkje langt unna ruvar dammar og kraftstasjonar etter Ulla-Førre utbygginga.

- Det beste utgangspunkt for oppleving av det meste kommunen kan by på!

Anten du er turist, gjestearbeidar eller på anna måte på vitjing i Suldal.

- Suldalsosen er ein triveleg stad å bu!